Odd Nordstoga - Før du går
Donnerstag, 28. Januar 2027, 18:00
- Veranstaltungsort
- Ullensaker Kulturhus, Furusethgaten 12, Jessheim
- Kategorie
- Musik
Odd Nordstoga er ein av sin generasjons aller største låtskrivarar. Songane hans har heilt sidan gjennombrotet i 2004 krope inn i folks hjarte og blitt der. Han er songpoet og spelemann. Han får oss til å danse og han får oss til å gråte. Med vemodet i eine handa og musikkgleda i den andre lagar Nordstoga songar som rører ved livet me lever. Slik skal god musikk vera. Det er aldri tvil om at denne mannen lever for møtet med publikum. Difor er det heller ikkje rart at folk over heile landet har teke han til seg -- i høgtid som i fest. Ein konsert med Odd Nordstoga kjennest som ei vitamininnsprøyting, anten han står åleine, med fullt band, i lag med gjester, eller lyfta av strykarar. Odd er blitt ein nasjonal leverandør av musikk med varig kraft, og når han dreg ut på vegen, har han både gamle skattar og nye songar med seg i skreppa. No er han aktuell med ny, strålande musikk. Og i samband med eit rykande ferskt album som kom i haust, tek han med seg sitt glimrande band og vitjar Jessheim 28. januar. For ledsagerbill. kontakt Ullensaker Kulturhus. Parkering mot avgift i tilknytning til Ullensaker Kulturhus. Tog og busstasjon ligger vis à vis. For mer informasjon se www.ullensakerkulturhus.no og Facebook.
Zuletzt aktualisiert:
Das könnte dich auch interessieren
Jools Holland Master Class
London
okgiorgio, Fakear + more names TBA
Amsterdam
Oliver Heldens
Amsterdam
DYING FETUS & SANGUISUGABOGG
Atlanta
The Hip Abduction
Wilmington
bitbird presents: San Holo & DROELOE
Amsterdam