Ingebjørg Bratland
Sonntag, 1. November 2026, 18:00
Ole Bull Scene · Øvre Ole Bullsplass 3, Bergen
Med krystallklar røyst og ei utstråling som treff midt i hjartet, har Ingebjørg Bratland med rette vorte omtala som ein nasjonalskatt. Vinje-bygdingen er evig knytt til udøyelege låtar som <> og <>, men også låtar som <> og <> er prov på Bratland si samlande musikalske kraft på tvers av generasjonar. Når Ingebjørg Bratland står åleine på scena, oppstår det noko heilt eige. Det siste året har Ingebjørg vore høgaktuell på fleire frontar. Fyrsteplass på Spotify med låta <>, saman med Hagle, samstundes som ho kvar veke sjarmere nasjonen som mentor i TV 2-suksessen The Voice, for å nemne noko. Etter fleire år med ei rekordlang rekkje utselde konsertar saman med Odd Nordstoga, startar no eit nytt musikalsk kapittel for Bratland. Denne kvelden får publikum oppleve Bratland på sitt aller beste, med både kjende og nye songar, historieforteljing og ei formidlingsevne som fyller heile rommet. Vi lovar ein kveld du seint vil gløyme, med ein av landets aller dyktigaste formidlarar i sentrum.
Das könnte dich auch interessieren
Lakeside Laughs Comedy Club
Lake Tahoe
Late Night Magic At The Magicians Room
Las Vegas
SUPERWOG - BIG DADDY ENERGY TOUR
Brisbane
NYO: LA MER
Auckland
LA MAGIE DE L'EAU
Avignon
FABULEUX
Avignon